Nkom ber fylka foreslå prosjekt som kan få tilskot til utbygging av breiband
(01.04.2019) Frå 2014 til 2018 har statleg tilskot bidrege til at 61 000 bustadar har fått breiband. I år har Stortinget løyvd nær 200 millionar kroner til ordninga.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) forvaltar i 2019 nær 200 millionar kroner på vegner av Samferdsledepartementet til vidare utbygging av breiband.
- No inviterer vi fylka til å sende inn forslag til aktuelle prosjekt. Alle fylka har ein pott i ordninga, og eg er spent på innstillingane frå fylkeskommunane, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i Nkom.
150 millionar kroner i statlege løyvinger vart tildelt i 2018. Desse midla ser ut til å gje utbygging av breiband verd om lag 860 millionar kroner. Ordninga er eit spleiselag. Dei statlege løyvingane bidreg til at kommunar, fylke, entreprenørar og brukarar vel å investere saman.
- Vi håper derfor at årets pott på 200 millionar gjer at utbygginga av breiband kan fortsetje på stader som elles ikkje hadde blitt bygd ut no, seier Aarsæther.
- Meir informasjon om støtteordninga finn du her.
- Sjå pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Støtteordninga er retta mot bustadar som ikkje har grunnleggjande breiband (10 Mbit/s). Ordninga tar òg omsyn til dei bustadane som har høgaste hastigheit mellom 10 Mbit/s og 30 Mbit/s, levert over koparnettet. Telenor har varsla at dei vil stenge koparnettet innan utløpet av 2022.
Ramma og fordelinga mellom fylka i 2019:
Fylke |
Husholdn. |
Fordeling 2019 |
Beløp per fylke 2019 |
---|---|---|---|
Akershus |
258 161 |
7,21 % |
kr 14 402 156 |
Aust-Agder |
52 273 |
3,64 % |
kr 7 273 028 |
Buskerud |
125 680 |
4,03 % |
kr 8 040 161 |
Finnmark |
34 356 |
3,45 % |
kr 6 885 616 |
Hedmark |
92 354 |
10,12 % |
kr 20 206 891 |
Hordaland |
236 594 |
4,23 % |
kr 8 445 422 |
Møre og Romsdal |
117 658 |
6,97 % |
kr 13 923 244 |
Nordland |
111 148 |
12,67 % |
kr 25 303 741 |
Oppland |
88 746 |
5,53 % |
kr 11 054 415 |
Oslo |
340 444 |
0,00 % |
Note 1) |
Rogaland |
201 313 |
3,86 % |
kr 7 717 245 |
Sogn og Fjordane |
47 402 |
4,18 % |
kr 8 348 974 |
Telemark |
80 342 |
3,08 % |
kr 6 160 784 |
Troms |
78 127 |
4,93 % |
kr 9 844 878 |
Trøndelag |
216 646 |
17,67 % |
kr 35 299 031 |
Vest-Agder |
82 590 |
4,17 % |
kr 8 324 606 |
Vestfold |
112 662 |
0,95 % |
kr 1 891 869 |
Østfold |
132 761 |
3,32 % |
kr 6 627 938 |
Norge totalt |
2 409 257 |
100 % |
kr 199 750 000 |