Godkjenningsordning for prissamanlikningstenester
Nkom har oppretta ei godkjenningsordning for prissamanlikningstenester. Dei godkjente tenestene gir sluttbrukare moglegheit til å samanlikne priser og vilkår for ulike abonnement, slik at dei kan finne dei beste tilboda basert på deira behov.
Godkjenningsordning for prissamanlikningstenester
Ekomlova § 4-10 skal sikre sluttbrukare tilgang til godkjente prissamanlikningstenester for telefoni- og breibandtenester. Prissamlikningstenester skal vere gratis for brukarane av tenesta. Gode og pålitelege prissamanlikningstenester får årleg godkjentmerke frå Nkom.
Krav til godkjentmerke frå Nkom
For å få godkjentmerke frå Nkom må prissamanlikningstenestene oppfylle krava i ekomforskrifta § 4-12. Nkom si rettleiing til krava finnes her.
Godkjentmerke blir gitt for eitt år om gongen. Dersom prissamanlikningstenesta ikkje blir halden oppdatert, vil godkjentmerke ikkje tildelast for kommande år. Nkom tar jamlege stikkprøver og større kontroller årleg for å sikre at tenestene oppfyller krava.
Godkjentmerket ser slik ut:
Søknad
Søknad om godkjentmerke sendes til firmapost@nkom.no.
Søknaden må innehalde:
-
Kontaktinformasjon og lenke til tenesta, samt informasjon om kven som eig tenesta.
-
Beskriving av rutinar for innhenting av pris- og produktinformasjon, oppdatering av tenesta, klagehandtering og feilretting.
-
Beskriving av forretningsmodell.
-
Andre forhold som er av betydning for å kunne vurdere om tenesta oppfyller krava.
Godkjentmerket omfattar berre sjølve prissamanlikningstenesta og ikkje anna innhald på nettsida, som for eksempel prisinformasjon om telefoner eller anna redaksjonell- eller marknadsinformasjon.
Godkjente tenester
Nkom har godkjent fleire prissamanlikningstenester for mobiltelefoni og mobilt breiband. Du finn informasjon om desse tenestene her.
Når det gjeld prissamanlikningsteneste for fast breiband, er dette nytt i ekomlova § 4-10. Prissamanlikningsteneste på dette området er for tida under planlegging.
Kva betyr dette for ekomtilbydarane?
Tilbydarar av telefoni- og breibandtenester må gi nødvendig informasjon til godkjende prissamanlikningstenester, slik at tenestene kan presentere oppdaterte og korrekte priser og vilkår til brukarane.