Tilsynsrapport truleg klar før jul
I haust har det vore fire hendingar som har ført til at folket har hatt avgrensa eller ingen moglegheit til å kontakte naudetatane. Nkom arbeider med tilsynsrapport som skal omfatte alle desse, og den skal etter planen vere klar før jul.
– Allereie etter første hending 29. august varsla Nkom tilsyn mot Telenor. Desverre har nye hendingar ført til at tilsynet er utvida i fleire rundar, og det tek derfor lengre tid å ferdigstille denne, seier direktør i Nkom John-Eivind Velure.
Han sier vidare:
– Vi forstår at mange har behov for å få svar på kvifor dette har skjedd og kva konsekvensane blir for Telenor, og vi kan forsikre om at vi jobbar så effektivt og grundig som mogleg. Vi planlegg å ferdigstille tilsynsrapporten før jul. I den samanheng vil vi offentliggjere våre hovedfunn og førebelse konklusjon i saka.
Telenor vil få tre veker på å kome med si tilbakemelding.